Ingeniør Knut Berg - jula 2005

Pressemelding

"Den illhervelege læta vekte til liv ei mengd ødlor og andre midlivsdyr som døste i den kvævande varmen." Setninga er henta frå den første norske science-fiction-serien – "Ingeniør Knut Berg på eventyr" (Fonna Forlag 1941). Serien – som vart lansert i forlaget sitt "Nynorsk Vekeblad" i 1941 – og slo umiddelbart til, og det var ikkje få smågutar som "leika Knut Berg" rundt om i landet på førti- og femti-talet!

Totalt vart det utgjeve 18 julehefte (1943-1960), og kanskje vil det dukke opp eit framhald snart?

Hallvard Sandnes (1893-1968)

var forfattar og ihuga målmann. Han vaks opp i Vikeli i Setesdal, og bokdebuterte allereie som tjueåreing. Totalt utgav han i alt 17 bøker i ulike sjangrar. Ved sida av leverte han ei mengde føljetongar og noveller til ulike blad.

I 1941 fekk han førespurnad frå forlagsdirektør Hans Aarnes i Fonna Forlag om han kunne tenke seg å skrive teksten til ein norsk spaningsserie – ein parallell til Lyn Gordon. Dette tok han på seg, men valde å skjule identiteten sin bak dulnavnet "Vigleik Vikli". Teikneseriar var ikkje kunstnarisk "comme il faut" på denne tida, for å seie det på nynorsk...

Jostein Øvrelid (1910-1983) teikna

Med seg som teiknar fekk Sandnes den faste Fonna-illustratøren Jostein Øvrelid. Øvrelid vaks opp i Volda, men tok til på Kunst- og Handverksskulen i Oslo i 1930. Frå 1933 fekk han jobb hjå Fonna i det nystarta "Nynorsk Vekeblad" . Han var seinare biletansvarleg for det (til no) einaste nynorske leksikonet som er utgjeve: Norsk Alkunnebok (10 bind + atlas – utgjeve frå 1948-1965). Øvrelid opererte under dulnavnet "Ronald Stone".

Årets hefte er eit opptrykk frå hefte nr 13 og 14 (1955-1956).