Jula 2005

Pressemelding

Vangsgutane. Kjenn på navnet! Kva for assosiasjonar får du? Sjølv kjenner eg lukt av pinnekjøt og peparkaker, og for mitt indre blikk ser eg eit nypynta juletre i stova – og ligg det ikkje eit par harde pakkar det står "til Knut" på, under det, tru?

Forlagssjef Hans Aarnes hadde ei stund vore på jakt etter eit "flaggskip" til forlaget sitt "Nynorsk Vekeblad ". Teikneseriar var i vinden som aldri før, og forlagssjefen meinte at vekebladet burde ha sin eigen serie som lesarane kunne identifisere seg med.

Han hadde etterkvart sett seg grundig lei av dei amerikanske teikneseriane som overfløymde bladhyllene både til jul og elles i året. Desse stod nemleg langt tilbake både kva gjaldt moral, etikk og ansvarskjensle; eignelutar som var ekstra viktige då (dette var nemleg om sumaren i 1940) - i det første året under tysk okkupasjon.

Leif Halse (1896-1984)

hadde skrive for Fonna tidlegare (både i bokform og i "Nynorsk Vekeblad"), og Aarnes gav han oppgåva om å skape noko godt og rotekte norsk. For "det måtte då finnast ein forfattar som kunne legge opp tilen norsk serie med "heltar" skorne ut av kvardagslivet i ei norsk bygd?". Det første seriøse framlegget ("Snorre Snartenkt"), vart forkasta avdi det var for likt "Nils og Blåmann", men det neste fall i smak.

"Oppe i bratte lia ligg ein liten gard som heiter Vangen," var starten på Vangsgutane – 6. november 1940. På småbruket budde Hans og Sigrid og borna Steinar (12) og Kåre (10). Idyllen innleiingsvis vart raskt broten då Hans døyr i ei tømmerulukke, og i serien vidare er det kampen dei tre gjenlevande har for å halde hovudet over vatnet både økonomisk, moralsk og sosialt som står sentralt.

Jens R. Nilssen (1880-1964) – 125 år i år!

Med meisterillustratøren Jens R. Nilssen (1880-1964) som teiknar vart teikneserien straks ein stor suksess. Du kan lese meir om han på baksida av det vedlagde nummeret av årets julehefte!

Det første juleheftet utkom i 1941, og sidan har Vangsgutane så å seie vore årvisse julegjestar i "de tusen hjem".

Nærverande hefte er sett saman av utgåvene nr 8 (1950) og nr 14 (1955).